VELKOMEN TIL VOSS CUP 15.–17. JUNI 2018

Turneringsreglar



Turneringa vert avvikla i samsvar med NFF og Hordaland Fotballkrets sine retningsliner. Laga må rekna med å få tildelt kampar under heile turneringshelga.

  • Det vert spela 7’ar-fotball i klassane G/J 10, 11 og 12 år.
  • Klassane G/J 8 og 9 år spelar 5’ar fotball.
  • Klassa G/J 7 spelar 3’ar fotball.
  • Alle laga skal spela 4 kampar under Voss Cup.
  • Det er ikkje sluttspel.
  • Det er inga grense for kor mange spelarar kvart lag kan ha med. Ein spelar kan likevel berre delta på eitt lag.
  • Kvar kamp er på 2 x 13 minutt.
  • Laga må møta ved banen dei skal spela på seinast 5 minutt før kampstart.
  • Dersom 2 lag har like drakter, er det bortelaget som skal skifta drakter. Dette kan gjerast ved at laga har med seg overtrekk/ vestar i annan farge.


Klasseinndeling

Klasse J12 Lillejenter Klasse G12 Lillegutar Fødd etter 01.01.2005
Klasse J11 Lillejenter Klasse G11 Lillegutar Fødd etter 01.01.2006
Klasse J10 Minijenter Klasse G10 Minigutar Fødd etter 01.01.2007
Klasse J9 Minijenter Klasse G9 Minigutar Fødd etter 01.01.2008
Klasse J8 Minijenter Klasse G8 Minigutar Fødd etter 01.01.2009
Klasse J7 Minijenter Klasse G7 Minigutar Fødd etter 01.01.2010

* Aldersdispensasjonar gitt av Fotballkretsen gjeld også for Voss Cup.
* Jenter kan spela på gutelag, men ikkje omvendt. 

 

SPELEREGLAR

NFF sine spelereglar for 7’er, 5'er og 3'er-fotball for born til og med 12 år, gjeld med fylgjande avvik:

Speletida er 2x13 minutt. Dommaren avgjer speleretning i 1. omgang. Heimelaget tek avspark. Speleregel 16 – presisering:

Ved målspark/ målkast kan ballen sparkast/ kastast ut av straffesparkfeltet utan at den må ligge på bakken. Motstandar må vere utanfor straffesparkfeltet ved målspark/ målkast. Det er ikkje lov å kaste eller sparke ballen over midten ved målspark, eller når målvakta skal frigjere ballen etter redning. Dersom dette skjer skal det dømmast eit indirekte frispark til motparten frå der ballen passerer midtstreken. Dersom målvakt etter redning tar med seg ballen utanfor målfeltet, kan han/ ho spele så langt han/ ho vil. Når målvakta kjem utanfor målfeltet er han/ ho å rekne som ein utespelar, og difor kan målvakta spele ballen så langt han/ ho vil.

Særregel 1: Kjem ballen borti greiner eller andre hindringar, kan dommaren etter skjøn droppa ballen eller la spelet gå vidare – avhengig av om eit av laga får urimeleg ulempe.

Særregel 2: Det laget som ligg under med 4 mål eller meir kan setja inn ein ekstra spelar. Om målskilnaden vert redusert til under 4 mål skal det same laget ta ut ein spelar slik at talet spelarar på begge lag vert likt att.

 

ØVRIGE REGLAR

Aldersdispensasjonar gjeve av Fotballkretsen gjeld også for Voss Cup. Lillejenter kan spela på lillegutlag, men ikkje omvendt.