VELKOMEN TIL VOSS CUP 15.–17. JUNI 2018

Spelereglar



7'AR - FOTBALL FOR BORN 11 OG 12 ÅR

Overordna for all døming i desse klassane er at dommaren skal sjå på fotball som ein leik for spelarane. Dommaren skal ikkje unødig bryta av spelet, men syta for at alle spelarane blir handsama likt. Dommaren skal i stor grad rettleia når spelarane gjer feil.

1. 
a) Spelebana bør vera minst 40 x 20 m - maksimum 60 x 40 m.
Lengda skal vera større enn breidda

b) Måla bør vera 5 x 2 meter. Det kan nyttast mindre mål, til dømes handballmål.
Måla skal vera forsvarleg sikra mot å velta.

2. Ball nr. 4 skal brukast. I klassar under 10 år kan ball nr. 3 brukast. 

3. Eit lag kan ha maksimum 7 spelarar på bana samstundes. Talet på innbyttarar er uavgrensa. Spelarane kan bytast ut og inn. 

4. Spelarane må ha passande klede, leggskinn er påbode.

5. Dommaren må ha godt kjennskap til reglane og intensjonen med barnefotball.

6. For turneringar gjeld eige reglement for speletida 
(på Voss Cup er kampane 2x13 min.).

7. Før kampen startar veljer laga mellom banehalvdel (speleretning 1. omgang) eller avspark. Etter godkjend scoring vert spelet sett i gang att frå midten av bana.

8. Når heile ballen går ut over (heile breidda av) sidelina, skal det takast innkast. Ved feil innkast skal dommaren rettleia og la (same) spelaren ta nytt kast.

9. Når heile ballen har passert målstreken skal det dømast mål. Mål kan ikkje lagast direkte (utan at andre spelarar har vore borti ballen) frå innkast (frå sidelina).

10. Offside vert ikkje praktisert.

11. Direkte frispark skal dømast når ein spelar med vilje feller ein motspelar, held eller dyttar ein motspelar, tek ballen med handa, eller gjer noko som kan vera farleg for dei andre spelarane. Alle direkte frispark som vert dømt innanfor straffesparkfeltet skal takast som straffespark frå straffesparkfeltlina. Dommaren bør gje tilsnakk når regelbrot gjentek seg. Kort (gult/ raudt) skal ikkje brukast.

12. Vert ballen med vilje spela (med foten) eller kasta (ved innkast) attende til eigen målvakt, og målvakta tek ballen med hendene, skal det påpeikast at dette ikkje er lovleg, og deretter la målvakta spela ut på vanleg måte. Skjer dette fleire gonger, skal motstandaren tildelast indirekte frispark frå straffesparkfeltlina.

13. Målspark (utspark frå mål) skal takast dersom heile ballen går ut over mållina utanfor målet . Ved målspark kan ballen spelast/ kastast ut av straffesparkfeltet utan at han må ligga på bakken.

14. Hjørnespark skal takast frå det punktet der mållina og sidelina møtest.

Merknader: Til regel 11 og 12 - Kva som er med vilje, ikkje i forfjamselsen, eller i tankeløysa osv. er ofte svært vanskelege vurderingsspørsmål, der det gjeld å utvisa eit rettvist skjøn.

 

RETNINGSLINJER FOR KAMPAR OG TURNERINGAR
FOR BORN UNDER 10 ÅR

(I Hordaland også gjort gjeldande for 11- og 12-åringar)

Styret for Norges Fotballforbund har vedteke:

Minifotball er borna sitt første møte med organisert fotball. Siktemålet med minifotball er at alle skal ta del på lik line, først og fremst for å ha det moro i positiv ball-leik saman med vener. Difor vil vi at alle tiltak for miniputtar skal fylja desse retningslinene:

1. Oppsett av kampar og turneringar byggjer på prinsippet om jamnast mogeleg motstand.

2. I turneringar skal kvar kamp telja for seg. Det skal ikkje vera turvande å vinna ein kamp for å delta i neste. Det skal ikkje skipast til sluttspel, og ikkje kårast avdelings-, klasse- eller puljevinnarar i seriar eller turneringar. Serietabellar skal ikkje nyttast.

3. I turneringar spelar kvart lag minst tre kampar.

4. Dersom tilskiparen ynskjer premiering, skal alle lag/kvar spelar ha same type premie.

5. Born under 10 år kan berre delta i tevlingar i idrettslaget og i lokalmiljøet.

6. Ingen må "toppa" laget, fordi dette strir mot minifotballen sitt siktemål og meining.

7. I minifotballen spelar alle på laget like mykje. Så langt det er mogeleg, vekslar spelarane om å spela frå start. Det er også ynskjeleg at borna får røynsle frå å spela på ulike plassar på laget.

8. Borna bør oppmuntrast til å ta del i fleire idrettar. Allsidig idrettserfaring er positivt med tanke på borna si ålmenne utvikling, og for den prestasjonsmessige utviklinga deira i fotball. Deltaking i andre idrettar skal ikkje gje dei dårlegare høve til å delta i fotball. Fotballtrening i vinterhalvåret er frivillig.

 

REGLAR FOR FORELDRE-VET

1. Møt fram til kamp og trening. Borna ynskjer det.

2. Gje oppuntring til alle spelarane under kampen - ikkje berre eiga dotter eller son.

3. Gje oppmuntring både i medgang og motgang - ikkje kritikk.

4. Respekter lagleiar sin bruk av spelarar. Ikkje prøv å påverka han/ henne under kampen.

5. Sjå på dommaren som ein rettleiar. Ikkje kritiser avgjerdene.

6. Hjelp barnet ditt til å tola både siger og tap.

7. Stimuler og oppmuntra barnet ditt til å delta, men ikkje press det.

8. Spør om kampen var morosam og spanande, ikkje berre om resultatet.

9. Syt for rett og fornuftig utstyr, ikkje overdriv.

10. Syn respekt for det arbeidet fotballklubben gjer. Klubben treng di help.

11. Tenk på at det er barnet ditt som spelar fotball, ikkje du.

12. Hugs at det viktigaste av alt er at barnet ditt trivst og har det gøy saman med vener.

 

HALDNING TIL DOMMAREN

1. Syn respekt for dommaravgjerder.

2. Slå ned på kritikk av dommaren.

3. Lær spelarane at også dommaren kan gjera feil - like mykje som ein spelar.

4. Drøft omstridde dommaravgjerder sakleg med spelarane etter kampen.

5. Er du usamd med dommare, hald det for deg sjølv, og ta det opp med dommaren på sakleg måte etter kampen.

6. Gjer ditt for at også dommaren synest det er gøy på bana.