VELKOMEN TIL VOSS CUP 15.–17. JUNI 2018

Fyrstehjelp



Det vil vere telt ved Olabanen og ved utescena, der det er legar, sjukepleiarar og fysioterapeutar som har vakter. 

Det er bemanning i telta medan kampane pågår.

Helsehjelp under Voss Cup:

RING 113 - dersom det står om liv eller alvorleg sjukdom/ skade!

RING LEGEVAKT 116117 - dersom sjukdom eller skade og du ikkje kan vente med å ta kontakt med fastlegen din. Det er viktig at ein ringjer legevakta slik at ein får ein avtale før ein møter opp.

TA KONTAKT MED SANITETSTELTA - dersom du har skada deg under Voss Cup og treng hjelp eller rettleiing.

Her får du også hjelp til å vurdere om du treng kontakt med legevakt

Isposar og sportstape kan ein få kjøpt i kioskane på utescena og idrottsplassen.