VELKOMEN TIL VOSS CUP 15.–17. JUNI 2018

Aktivitetar


KINO

For deltakarar med A-, B- og C-kort vert det gratis kinoframsyningar. Andre betalar kroner 100,-.
Filmen i år er: Richard Storken

Kino framsyninga er i Voss Kulturhus. (merka med "KINO" på Banekartet)

Filmen vert vist kvar time.

Laurdag kl. 10.00-19.00
Sundag kl. 10.00, 11.00 og 12.00

Det kan verta kø, vis omsyn!

 

UNDERHALDNING

Det vert show med Haakon Esplo og Landfuglen Anton, Laurdag 17.juni kl 16.00, 17.00 og 18.00 i teltet ved grillkafeen.

Her vert det både trylling, buktaling og musikk. Kanskje har du sett Haakon og Anton på TV eller i Dyreparken i Kristiansand? Uansett; det er berre å gleda seg! :)

BADING

Utebassenget har desse opningstidene under Voss Cup:

Fredag kl. 17.00-21.00 • Laurdag kl. 10.00-20.00 • Sundag kl. 10.00-14.00

Alle deltakarar med armband får eitt gratis besøk i bassenget. Ved stor pågang oppmodar me om tolmod. Det kan verta behov for tidsavgrensing og inngang i puljer.

Me ynskjer at leiarar går gjennom fylgjande reglar med laga:

• Vis omsyn til andre badande!

• I sklia er det lov å sitja på rumpa/liggja på ryggen. Maks to og to så lenge ein heng saman.

NB! Det er badevakter i bassenget, men lagleiarar må fylgje laget inn på området og sikra seg at sine spelarar er symjedyktige.

 

DISKOTEK

Det vert diskotek, først og fremst for dei to eldste årsklassane, laurdag kl. 19.00-21.30. Dette vert også i år i eit stort telt ved grillen. Sjå  banekart (merka G/D).