Overnatting
Alle spelarar og voksne som skal ha overnatting i Voss Cup sin regi, MÅ ha A-kort.
Minst to lagleiarar/vaksne må overnatta saman med spelarane. I klassane 10, 11 og 12 år set me ei maks grensa på fire overnattande voksne per lag. I dei yngste klassane oppmodar me sterkt om at laga ikkje har med fleire voksne overnattande enn naudsynt. Me presiserer at overnattinga vår er eit tilbod til spelarar og voksne som fylgjer laget, ikkje øvrig familie.
Overnattingsplassar Voss Cup 2024
Me nyttar fleire overnattingsplassar under cupen. Under finn ein adressa til dei ulike overnattingsplassane me nyttar. Totalt har me over 4000 born og vaksne på overnatting hjå oss denne helga. Me prøver alt me kan for at alle skal ha eit flott opphald. Dersom ein har spørsmål rundt overnatting, så ber me om at de sender e-post til overnatting@vosscup.no. Alle overnattingsplassar har ein skuleansvarleg, og våken nattevakt.
Innsjekk fredag
frå kl. 17:00 og utover
Utsjekk søndag
seinast kl. 12:00
Informasjon om overnatting
Me minnar om at dette er ei barnefotballturnering, og alkohol høyrer ikkje heime her. Me ber om at dei som røyker viser omsyn til andre, og ikkje røyker på overnattingsområdet.
Respekter ordensreglane på overnattingsstadane.
For dei overnattingsstadane som ikkje ligg i gangavstand til cupen, går det shuttlebuss. Der shuttlebussen ikkje går, er det mogleg å tinge buss. Ta kontakt på 469 20 747 for å tinge buss. Hugs å bestille i god tid.
Me ber om forståelse for at dei fleste overnattingsstadane skal brukast alt måndagen etter Voss Cup. Lat lokala sjå like fine ut ved avreise, som ved ankomst.
Førebels oversikt adresser
Bjørgamarka Barnehage | Tjørnateigen 13 |
Bjørgum klubbhus | Tjørnahaugane |
Bjørgum skule | Tjørnahaugane 60 |
Bulken barnhage | Rekvesvegen 94 |
Bulken skule | Rekvesvegen 94 |
Fleischer | Evangervegen 13 |
Frelsearmeen | Lekvemoen 11 |
Gamle Voss Yrkesskule | Brynaskogen 27 |
Gjernes skule | Gjernesmoen 8 |
Gullfjordungen skule | Geili 8 |
Kringsjå | Strengjarhaugen 6 |
Mosjonsgutane | Vossabygg 19 |
Palmafossen skule | Tjukkabygdvegen 29 |
Park Hotel | Uttrågata 3 |
Scandic Hotel | Evangervegen 1A |
Skulestad skule | Strandavegen 334 |
Tvildemoen barnehage | Regimentsvegen 235 |
Ungdomshallen | Uttrågata 18 |
Viljar klubbhus | Bømovegen 5 |
Vonheim | Hestabakkvegen 1 |
Voss barnehage | Regimentsvegen 126 |
Voss Gymnas | Gymnasvegen 5 |
Voss kulturhus | Evangervegen 6 |
Voss ungdomsskule | Olavsvegen 5 |
Voss vidaregåande skule | Strandavegen 252 |
Ørnar klubbhus | Skulestadmo idrottsplass |