Voss Cup 2012
Vi ønsker alle Godt Nyttår!
Vi vil med dette informere om at Voss Cup 2012 vert arrangert 15.-17. juni.
Påmeldinga vil som vanleg starte 1.feb. og som før vil den vere nettbasert.
Ei fantastisk helg er over!
Vi ville takke alle som har vore på Voss i helga, for ei fantastisk helg!
Det meste har fungert og det har vore svært god stemning heile helga.
Vi takkar for i år og ønsker alle velkomne igjen neste år.
Voss Cup 2012 vert forøvrig avvikla helga 15.-17. juni.
Oppdatering laurdag kl. 16.20
Vi kan melde om glimrande stemning, praktfulle scoringar og stor idrettsglede på Voss!
Cupen er i rute og vi har hatt bra vêr i stort sett heile dag.
Vi kan elles melde om stor medieinteresse, så det er heilt sikkert muleg å finne informasjon både i form av web-tv og skriftlege artiklar i fleire medier.
Viktig info. ved uhell/skader
De må ta kontakt med Røde Kors-telta eller vårt sanitetstelt først, når ein skade, sjukdom eller anna oppstår.
Då får dei vurdert om det er behov for time på legevakta.
NB! Legevakta har timetinging.
Unngå difor unødvendig venting.
Velkomen til Voss og Voss Cup!
Rein cup! Voss Cup på lag med Indre Hordaland Miljøverk
Syt for at Voss Cup vert ei rein oppleving for alle! Bruk bosspann og hald det reint rundt deg.
- La det gå sport i kjeldesortering!
Sjå meir om kjeldesortering under ”matservering”
Hugs: Kjeldesortering i matsalen!
Matavfall - restar av mat, frukt, serviettar, mjølkekartongar o.l.
Restavfall - tilgrisa emballasje, anna eingongsemballasje frå smør, syltetøy, ketchup o.l., bestikk, papptallerkenar og drikkekrus.
Drikkekartongar - tomme!!! Kan gå i dunken med matavfall
Panteflasker- stativ for panteflaskar finn du ved utgangen
Kjeldesortering har positiv klimaeffekt!
Ta miljøet på alvor - Voss Cup og Indre Hordaland Miljøverk på lag!
Trafikk under Voss Cup
Oppdatering 15. juni
Voss Cup ønsker å informere om at parkeringsmuligheitane på Voss denne helga er innskrenka grunna anleggsarbeid. Dette medfører tap av 250-300 parkeringsplassar i forhold til tidlegare år.
Vi har difor lagt opp til eit parkeringstilbud på Palmafossen der vi køyrer buss i skyttel kontinuerleg frå kl. 08.00 til kl. 20.00 på laurdagen.
Kart over dette - klikk her.
Vidare oppmodar vi alle om å bruke bil så lite som mogeleg i løpet av helga.
Vi vil også oppmode alle om å planlegge god tid, då det garantert vert litt kø til Voss.
NB! Tenk sikkerheit ved å sikre alle passasjerar godt!
Oppdatering 7. juni
Fototider
Fototidene er klar - klikk her.
Status pr. 27. mai
Kampoppsett
Endeleg er kampoppsettet klart!
NB!
Vi gjer merksam på at det ikkje er rom for endringar, då det ikkje er ledige tider.
Vi håpar på forståelse for dette og at alle vert fornøygd med oppsettet. Kampoppsettet finn du via påmeldinga. I påloggingsvinduet er det ei arkfane øverst med "Kampoppsett og resultater".
Klikk på denne og ein vil kunne søke på kampoppsett for kvart enkelt lag.
Status pr. 26. mai
Overnatting
Oversikt og fordeling på skulane er no klar - klikk her.
Status pr. 22. mai 2011
Transport
NSB og Voss Cup har i samarbeid auka kapasiteten for gruppereiser på mange tog.
Dette gjeld både tog til Voss og tog frå Voss.
Sjå vedlegg for meir informasjon - klikk her.
Voss Cup ønsker at så mange som muleg tar toget, då det er store utfordringar med trafikken på Voss denne helga.
Grunna anleggsarbeid har vi i år i tillegg betydleg mindre parkeringsplassar i sentrum, noko som må medføre parkering eit stykke i frå turneringsområdet.
Vi anbefalar difor at laga tar toget.
Vi minner om at bestillingsfristen er 3. juni.
Bestilling sendast til NSB Gruppereiser på mail gruppereiser@nsb.no
Kampoppsett
Kampoppsettet vert truleg klart i løpet av veke 21.
Voss Cup vil informere nærmare når dette vert lagt ut.
Overnatting
Oversikt og fordeling på skulane vert også truleg klart i løpet av veke 21.
Voss Cup vil informere nærmare når dette vert lagt ut. Fototider
Fototider vert truleg klart i løpet av veke 22.
Status pr. 9. mai 2011
Då kan vi endeleg kome med litt meir informasjon vedr. årets Voss Cup.
Vi kan berre beklage mangelfull oppdatering.
Det er påmeldt 708 lag - ny rekord igjen!
Vi er stolte og audmjuke i forhold til dette og gledar oss svært mykje til helga i juni.
Vi jobbar elles i desse dagar med å få oversikt over alle deltakarkorta. Vi oppmodar alle som ikkje har betalt deltakarkorta, om å gjere det så raskt som muleg.
Dette er vi svært avhengige av, spesielt i forhold til overnatting (A-korta) og vi kan ikkje garantere plass til dei som betalar seint.
NB!
Alle som skal overnatte i regi av Voss Cup må ha deltakarkort A - dette gjeld også trenarar/leiarar/andre voksne.
Litt om vår timeplan:
- Kampoppsett reknar vi med er klart i slutten av mai.
- Fordeling på skular er også klart i slutten av mai.
- Fototider er klart ca. 5.juni.
Vi håpar dette er til hjelp i planlegginga og ønsker alle velkomne til Voss og Voss Cup!
Med beste helsing
Voss Cup
Tlf. 56 52 91 00
Voss Cup 2011
Vi ønsker alle Godt Nyttår!
Vi vil med dette informere om at Voss Cup 2011 vert arrangert 17.-19. juni.
Påmeldinga vil som vanleg starte 1.feb. og som før vil den vere nettbasert.
|